*** Figurar i LaTeX og relatert teknisk informasjon *** *** (Iver Bakken Sperstad, 25.10.2011) *** Apparaturskisse og MATLAB-plots vil vi gjerne inkludere elektronisk i rapporten vår, og dette dokumentet inneheld litt info i samband med det. Aller fyrst -- hovudpoenget: Vi anbefaler å typesetje rapporten direkte til PDF-format, noko de i Texmaker eller TexnicCenter gjer ved å velje "LaTeX -> PDF" e.l. i nedtrekkslista øverst i vindauget. Dette føreset at alle figurar må vere i PDF-, JPEG- eller PNG-format. Detaljar og alternativ fylgjer nedanfor. * Ulike filformat * Litt grunnleggjande om bileteformat: ein skil mellom bitmaps og vektorgrafikk, og skal vi inkludere figurar i LaTeX vil vi helst bruke sistnemnte. Årsaka er at vektorgrafikk kan skalerast, og dermed ikkje blir kornete og fæl slik ein bitmap-figur blir når biletet blåsast opp. Av aktuelle format kan EPS- og PDF-filer innehalde vektorgrafikk, men treng ikkje gjere det; derimot vil f.eks. BMP, JPEG og PNG alltid vere bitmaps. Kva filformat de har på figurane har betydning for kva format de kan typesetje til. Ein har i hovudsak tre former for typesetjing av LaTeX-dokument: a) DVI, b) PDF og c) PS. a) Typeset de til til DVI så blir eigentleg ikkje biletefilene inkludert i .dvi-fila, men må vedleggjast (i same mappe) for å kunne visast. Andre bilete-format enn EPS støttast som regel ikkje. b) Om de typeset til PDF så bør bileta i utgangspunktet vere i PDF-format, men JPEG- og PNG-format skal også støttast. EPS støttast i utgangspunktet ikkje. c) PS (PostScript) fungerer stort sett likt som DVI, men her kan figurane inkluderast i .ps-fila. * Figurar frå MATLAB * Om de vil inkludere figurane frå MATLAB i LaTeX kan de gjere eitt av fylgjande (alternativ 2 anbefalast): 1) De kan lagre fila i EPS-format og så anten typesetje til DVI, eller de kan konvertere EPS-fila til PDF (sjå nedanfor) og typesetje til PDF. 2) Prosedyre for å lagre direkte til PDF-format er litt meir omstendeleg om ein skal gjere det skikkeleg: Trykk fyrst File -> Print Preview. Vel Auto under Placement og juster storleiken under Paper slik at figuren fyller heile arket. Trykk deretter File -> Export setup i det opprinnelege figurvindauget. Still opp Resolution til minst 300 dpi under alternativ for Rendering. Vel deretter å lagre i PDF-format etter å ha trykt på Export. Merk at vi helst ikkje har lyst til å inkludere nokon 'title' i MATLAB-figuren når vi skal ha han inn i rapporten, for denne figurteksta/tittelen plasserer MATLAB som regel over figuren i staden for under, og figurteksta kjem vi jo til å leggje til i LaTeX i alle tilfelle. * Konverte til PDF * Sidan det er PDF som er standarden for elektroniske dokument bør de helst konvertere rapporten til PDF-format etterpå dersom de vel å typesetje som PS eller DVI. (Dvs.: dersom de har tenkt å sende dokumentet elektronisk; skal de berre skrive det ut har det ikkje så stor betydning.) Korleis ein gjer dette avheng av programvara de bruker: - Dersom de typeset til PS kan de konvertere med Ghostscript/GSView. (Ghostscript fylgjer vanlegvis med MiKTeX, men om ikkje kan de sjå på http://pages.cs.wisc.edu/~ghost/gsview/get49.htm.) Konverter så til PDF ved å trykke meny File -> Convert... -> vel pdfwrite -> OK. - Dersom de typeset til DVI så har ikkje YAP-visaren som fylgjer med MiKTeX moglegheit til å konvertere til PDF direkte. Løysinga blir da å finne eit konverteringsprogram som f.eks. installerast som ein skrivar (sjå http://www.ntnu.no/itinfo/programvare/tekstbehandling/lage_pdf_uten_acrobat.html) og kan brukast til å "skrive ut" som PDF-file frå YAP. Om de ynskjer å konvertere frå eit bileteformat til eit anna kan de f.eks. laste ned ImageMagick (http://www.imagemagick.org/script/index.php). De kan også enkelt bruke ImageMagick for Linux ved å logge inn på login.stud.ntnu.no med din foretrukne ssh-klient og bruke kommando 'convert '. * LaTeX i Inkscape -- alternativ 1 * Lag figur som vanleg, og skriv LaTeX-kode i dei teksboksane som du vil skal innehalde matematiske symbol. (Hugs dollarteikn der nødvendig.) I Inkscape vil du berre sjå LaTeX-koda, men du kan få koda til å bli tolka og vist som matematiske symbol i labrapporten om du gjer som fylgjer: 1) Vel Fil -> Lagre som... / Lagre som kopi... 2) Vel PDF som filformat og trykk Lagre. 3) I dialogboksen som dukkar opp nå kryssar du av for valet PDF+LaTeX; i tillegg til .pdf-fila vil det nå dukke opp ei fil med filetternamn .pdf_tex i mappa du lagra i. 4) Opne denne .pdf_tex-fila og les framgangsmåten som står der for å inkludere figuren med matematiske symbol i labrapporten din. (Sjølve .pdf-fila inneheld ingen matematiske symbol, men all LaTeX-kode og kva posisjon denne skal ha er definert i .pdf_tex-fila. Ved å fylgje framgangsmåten her, får du LaTeX til å typesetje .pdf_tex-fila med det same han typeset .tex-fila for rapporten forøvrig. Typesetjing av .pdf_tex-fila inkluderer .pdf-fila for figuren i rapporten og plasserer i tillegg dei rette symbola oppå i rett posisjon.) * LaTeX i Inkscape -- alternativ 2 * Det finst nokre enda enklare alternativ for å inkludere LaTeX-kode i Inkscape-figuren der ein får ut resultatet direkte som éi .pdf-fil, men det krev at enkelte tilleggsprogram er på plass. Problemet her er at tilleggsprogramma ikkje utan vidare snakkar saman, som forklart for dei to underalternativa nedanfor: A) Ein kan setje inn LaTeX-kode direkte i Inkscape gjennom menyvalet Utvidelser -> Tegn -> LaTeX-formel... For at dette valet skal visast, må ein sørgje for at programmet pstoedit (http://www.pstoedit.net/pstoedit) er installert. I tillegg må ein leggje mappa ein installerer pstoedit i til sti-variabelen for Windows; sjå f.eks. http://www.computerhope.com/issues/ch000549.htm. B) Eit liknande men litt meir fleksibelt alternativ kan ein finne gjennom menyvalet Utvidelser -> Tex Text, dersom Inkscape-tillegget textext er installert. Ein kan laste ned dette frå http://pav.iki.fi/software/textext/, men også her må ein installere pstoedit (http://www.pstoedit.net/pstoedit) for at tillegget skal fungere. Ein har også det problemet at textext (v.0.4.4) ikkje fungerer saman med nyaste versjon av Inkscape (v.0.48). Ei løysing kan vere å forsøke framgangsmåten på https://laconsigna.wordpress.com/2010/11/13/fixing-textext-on-inkscape-0-48/, mens ein kanskje enklare framgangsmåte kan vere å installere Inkscape v.0.46 i staden for v.0.48.