. .
Ett nivå opp
INSTITUTT FOR FYSIKK  
 
. .

 

Kronikk, Adresseavisen, juni 2003:

 

Åndens triumf får sin pris
Av Kristian Fossheim
Professor i fysikk, NTNU

Den 6. april 1829 låg ein ung mann, ennå ikkje 27 år gamal, for døden på Froland ved Arendal. Utpå kvelden var kampen over. Noregs største vitskaplege geni gjennom alle tider, matematikaren Niels Henrik Abel, var gått bort i så ung alder og etter slik vitskapleg innsats at knapt ei handfull personar i Noreg kjende innhaldet og rekkevidda av det han hadde gjort. Ute i Europa, i Frankrike og Tyskland hadde dei største matematikarane så vidt rukke å få augo opp for han. Frå Berlin var det etterlengta brevet på veg til Froland: Niels Henrik Abel blir kalla til professor i Berlin. Brevet var signert to dagar etter hans død!

Den beskjedne unge student Abel, som heimlandet aldri rakk å gje eit levebrød, ja berre så vidt heldt i live, hadde opplevd eit overmål av nedturar, personleg forfall hjå begge foreldra, fattigdom, uforstand og arroganse frå mange hald, men óg djup respekt, varme og omtanke hjå einskilde personar som stod han nær, kollegar og vener ute og heime. Så lenge kreftene heldt, til og med inn mot dødsleiet, arbeidde han febrilsk, natt etter natt med å utarbeide, og gjere verda kjend med sine epokegjerande matematiske oppdagingar. Han fekk aldri hauste fruktene. Men han visste at han hadde gjort matematikken store tenester, noko som truleg gjorde hans kjensle av personleg tragedie ennå sterkare, og til overmål verkeleggjorde hans årelange mismot over framtidsutsiktene til fast stilling og inntekt. Mot dette bakteppet var hans korte liv ein "åndens triumf" av mest uhøyrd dimensjon, ein storfelt siger over materielt elende og menneskeleg svikt, ei historie som knapt har sin make i vitskapssoga; i sum geniets siger, slik Gustav Vigeland framstiller han på Abel-haugen i Slottsparken.

I desse dagar er Abel sitt namn atter på alles lepper i vitskaplege fora, mellom lek og lærd, og i media verda over: Den 3. juni vart vinnaren av den første store internasjonale Abel-prisen på 6 millionar kroner overrekt den franske professoren Jean-Pierre Serre under ein storstila seremoni i nærver av konge og dronning i Universitets-aulaen i Oslo. Noreg kan ennå ein gong la Niels Henrik Abel vere vårt beste vitnemål om ein tilsynelatande høg kultur som kunne fostre eit slikt utifrå åndsmenneske og som i tillegg forstår å ære det ypparste det menneskelege intellekt kan skape. Kanskje eit stort paradoks i lys av måten Abel vart løna? Men vi vil alle vere med! Som Bjørnson sa i sin hyllingskantate ved 100-års jubileet: " Nu verden ham eier, men gutten var vor."

Den nye norske prisen skal ruve ute i verda. Den skal vere det endelege svaret på spørsmålet om kvar det vart av matematikkens Nobel-pris. Alfred Nobel sette ikkje matematikken høgt nok til å gje den same status som naturfag, litteratur og fredsarbeid. Men den 23. august 2001 skjedde noko heilt uvanleg i Oslo: Regjeringa Stoltenberg kunngjorde at den sette inn på konto i Norges Bank den nette sum av 200 millionar til eit fond for årleg utdeling av ein stor internasjonal Abel-pris! Med tanke på den då føreståande 200-års feiringa av Abels fødsel i 2002, hadde det dermed lukkast nokre personar, utan mandat, og ved eit samantreff av flaks, entusiasme, politisk teft og rett personkjemi, å nå sitt mål! Eit vakkert lite "kupp" som vil betale seg rikeleg gjennom den prestisje prisen vil gje både Noreg og dei som får den, og, vil vi tru, gje stimulans til ein ny entusiasme for matematikk i lærarstanden og blant skuleungdommen i Norge. Aldri har vel verdien av den gode faglærar blitt sterkare dokumentert enn i samspelet mellom Katedralskole-elev Niels Henrik Abel og hans matematikklærar Holmboe.

Også ved 100-års jubileet i 1902 var det planlagt oppretting av ein Abel-pris. Men vår andre store matematikar, Sophus Lie, fødd på Nordfjordeid, som hadde gått i bresjen, døydde 3 år før jubileet, og dei politiske tilhøva kring unionsoppløysinga tok lufta ut av initiativet. I samband med førebuingane til unionsoppløysinga vart Abel-feiringa i 1902 likevel eit viktig kort. Det gjaldt å gje nasjonen identitet både heime og ute. Bjørnson og Nansen gjekk sterkt ut i den kampen, og forstod å nytte geniet Abel, med den prestisje namnet hadde fått ute i verda, som eit bevis for norsk eigenverd. Eit land som hadde fostra ein Abel, måtte vel kunne stå på eigne bein, var vel bodskapen dei ville sende ut. Studentane hylla Abel, og gjekk i tog som visstnok aldri er sett maken til i Noreg.

Historia om matematikaren Niels Henrik Abel kan på ingen måte forteljast i nokre korte avisspalter. Dess betre er det då at det finst biografiar som går langt i å klarlegge omstenda kring Abels livsverk og lagnad. I den rekkja står naustdølen Arild Stubhaugs 600 siders verk "Et foranskutt lyn. Niels Henrik Abel og hans tid" i ein særstilling. Gjennom eit nitid arbeid over mange år, har Stubhaug samla det som er å finne om Abels liv og verk. Men ikkje berre det, biografien set Anel inn i si samtid på ein fortreffeleg måte. Så var då også denne biografien ein av fleire utløysande faktorar i den kjeden av hendingar som utspann seg før Jens Stoltenberg tok det avgjerande steget. Etter å ha lese denne biografien, kan ein mest bli freista til å spørje: Treng vi litterær fiksjon når verkelege menneske har levd liv som vi knapt kunne drøymt om? Og korleis kan filmindustrien ha unngått å sjå dette menneskelege dramaet som det perfekte manus for ein storfilm om Abel? Og når kjem det verkelege dramaet, om Abel, på teateret?

Abel fekk i sitt korte og materielt fattige liv gjort arbeid som for alltid vil bevare hans namn innan fleire områder av matematikken: Likningsteori, teorien for elliptiske funksjonar og teorien for uendelege rekker. Hans første ungdomsbragd var beviset for at femtegradslikninga ikkje kunne løysast ved bruk av berre dei fire elementære rekneartene samt rotutdraging. Abel fekk sidan eit 2 års utanlandsopphald, først i Berlin der han la grunnlaget for sitt ry gjennom ei rekkje framifrå avhandlingar i Crelles matematiske tidsskrift. Det var nettopp 23-åringen Abels glimrande arbeid som mogeleggjorde opprettinga av Tysklands første matematiske tidsskrift, eit tidsskrift som vart det leiande i si tid. Han reiste så til Paris der han vart lite påakta av dei berømte franske matematikarane som Cauchy, Legendre og andre. Napoleon hadde gjort matematikken til eitt av sine militære instrument ved École Polytechnique, og matematikarane hadde ennå eit sjølvbilete som stod i stil. Sitt meisterverk, seinare kalla "Paris-avhandlinga," på 120 sider om transcendente funksjonar leverte Abel til Akademiet i Paris. Men dei sjølvgode franskmennene la det til sides utan å lese det så lenge Abel var i byen. Seinare gjorde dei bot, og æra han posthumt med Akademiets store pris. Men for Niels Henrik Abel stod det berre att å dra lutfattig heim til eit vikariat i Noreg, for så eit knapt år seinare å døy, nedbroten av hardt arbeid og tæring, etter eit julebesøk ved Froland. Der vart han til det siste stelt av si trufaste Christine Kemp som han hadde vore trulova med i fem år, men aldri skulle få oppnå å ekte.

Redaktør: Instituttleder , Kontaktadresse: webmaster@phys.ntnu.no
Sist oppdatert: 07.12.2004