Historia bak

Prosjektet tok til våren 1998 då professor Fossheim fekk ideen til å bruke computer simulering og animasjon til å visualisere superleiarfysikk over internett. I samråd med professor Arne Sølvberg vart det avtala å skape eit studentprosjekt med 6 studentar frå datalinja ved NTNU, og med fysikkstudent Vegard Engstrøm som assistent og mellomledd mellom Fossheim og datastudentane. På basis av skisser frå Fossheim, utvikla studentane animasjonar, og med tekstboksar som inneheldt ein dialog mellom professor og student som det berande prinsipp. I tillegg skreiv Fossheim ei rekke spesialtekstar som kunne klikkast opp på skjermen under studiet av animasjonane.

Studentane presenterte prosjektet som avslutta i november 98, og fekk toppkarakter for arbeidet. Men det var ennå langt igjen før det heilt var fullgodt for internett. Arbeidet heldt fram i 1999 med å utvikle eit veksande arkiv. I februar 2000 skulle verdskonferansen i superleiarfysikk haldast i Houston, Texas. Professor Fossheim vart invitert til å vise prosjektet som då hadde namnet Superlab for ein forsamling med bortimot 1000 møtedeltakarar og elevar ved vidaregåande skular i Houston som var henta inn til denne spesielle sesjonen, der også Nobel-prisvinnaren Robert Schrieffer deltok.

Responsen etter denne presentasjonen var så positiv at Fossheim og Engstrøm bestemte seg for å føre det vidare, og selskapet Simplicatus AS vart grunnlagt i mai 2000. Dette prosjektet vart plukka ut av Norsk Fysisk Selskap til presentasjon ved ein europeisk konferanse og festival om fysikkutdanning, "Physics on Stage", i Geneve hausten 2000. Den nåverande versjonen vart ferdig våren 2001 ved oppdrag frå Læringsenteret, og er nå tilgjengeleg for lærarar og elevar over heile Norge gjennom Skolenettet.

   
 

 

 

Produsert av: Simplicatus AS