Høg-temperatur superleiar: Ei vitskapleg og teknologisk
utfordring
Av Kristian Fossheim
Professor i fysikk, NTNU
Frå og med året 1986 har ei rad nye elektrisk leiande
substansar sett dagens lys i laboratoria rundt i verda, med
eigenskapar som i dei føregåande 75 åra berre hadde vore ein
framtidsdraum. Det handlar om oppdaging av nye typar superleiarar,
dvs elektrisk leiande material som kan oppvise null elektrisk
motstand under ein viss såkalla kritisk temperatur Tc.
Den eine nye eigenskapen ved desse materiala, og den
viktigaste, var at medan vi tidlegare alltid måtte bruke flytande
helium som kjølevæske, dvs kjøle metall og legeringar ned til ca
minus 268 grader celcius ( 4,2 K, målt frå det absolutte nullpunkt)
for å oppnå superleiande tilstand, så kunne vi nå gå over til å
bruke ei langt billegare og lettare tilgjengeleg kjølevæske:
flytande nitrogen, LN2. Denne har sitt kokepunkt ved
minus 196 grader celcius, eller 77 K. Og råstoffet er den lufta vi
pustar i, altså gratis. Sidan dei nye materiala typisk oppnår
superleiande tilstand ved kjøling til 90 K, eller høgare, var dette
eit uhyre viktig framsteg med tanke på teknisk bruk av superleiar,
både fordi kjøleteknikken er enklare ved desse temperaturane, og
fordi kjøling ved bruk av LN2 er langt billegare enn
bruken av edelgassen He. Den nye rekorden for Tc ligg nå
på 163 K, eller minus 110 celcius. Dette resultatet gir håp om
revolusjonerande framsteg innan ei lang rekke tekniske områder, både
på stor og liten skala.
Det andre nye ved desse superleiarane var at dei ikkje
var metall eller legering som vi var vane med frå før, men tvertimot
oksid. I den langvarige forskingsinnsatsen som tidlegare var gjort
sidan oppdaginga av superleiing i kvikksølv i 1911, var det ikkje
mange som ville ha satsa sitt vitskaplege renomme på at eit oksid,
vanlegvis den beste form for isolator (!), skulle vise seg også å
kunne gje perfekt leiingsevne, den stikk motsette eigenskapen. For
denne oppdaginga har dei to herrane K.Alex Müller og J. Georg
Bednorz ved IBMs forskingslaboratorium i Rüschlikon ved Zürich for
alltid skrive sitt namn med gullskrift i vitskapens historie. Dei
fann fram til oksidet La2-xSrxCuO4.
Og etter det kom det ei lang rekke nye oppdagingar av material i
same klasse, slik at vi dag nærmar oss eit hundretal ulike
variantar. Medan det var Müller og Bednorz som oppdaga den nye
klassen av material, var det C.W. Chu i Houston som først fann det
materialet som løfta temperaturen for superleiing over kokepunktet
for nitrogen, 77 K. Det materialet han oppdaga i 1987 var
Y1Ba2Cu3O7, populært
kalla YBCO. Nobelprisen i fysikk vart tildelt Müller og Bednorz alt
same året.
Det heilt spesielle ved alle desse nye superleiande
materiala er at enda dei har ulike kjemiske formlar, har dei alle
eit felles strukturelt element: Alle inneheld planare nettverk av Cu
og O, og desse nettverka er igjen stabla parallelt og regelmessig
gjennom heile strukturen. Det er i desse nettverka superleiingsevnen
er lokalisert. Det er framleis ei vitskapleg gåte kvifor det må vere
akkurat slik, men slik er det !
I tillegg til den høge kritiske temperaturen har desse
nye materiala og ein heilt unik evne til å tole høge magnetfelt utan
å tape superleiingsevnen, ein svært viktig eigenskap for mest alle
tekniske anvendelsar.
Frå både fysisk og kjemisk synsstad er desse nye
substansane svært interessante. Reint vitskapleg representerer dei
noko av det mest utfordrande av alle material som er oppdaga eller
framstilt i vårt materialorienterte århundre. Eitt teikn på dette er
følgjande: trass i at vi har hatt ein gyldig teori for
superleiingsfenomenet i metall og legeringar sidan midten av
50-talet, så er ikkje den grunnleggande mekanismen for superleiing i
dei nye koparoksid-materiala forstått ennå. Ja, dei leiande
teoretikarane, representert ved til dømes nobelprisvinnarane Robert
Schrieffer og Phil Anderson seier at fundamentale deler av faststoff
fysikken må skrivast om. Dei nye materiala representerer ei
formidabel teoretisk og eksperimentell utfordring, reint vitskapleg.
I tillegg kjem så utfordringane i å gjere ein så vanskeleg materie
teknisk brukbar.
Etter at forventningane var skrudde høgt til vers frå
1987 og utover, er det mange som spør: Kvifor ser vi ikkje høg-Tc
materiala tatt i bruk? Vi skal her gjere greie for nokre av grunnane
til dette, og korleis det mellom anna heng saman med den spesielle,
lagdelte strukturen som alt er omtala ovanfor.
Dei nye superleiarane merkar seg ut frå andre viktige
elektrisk leiande material på ei rekke områder, i tilegg til dei som
alt er nemnde: På grunn av den lagdelte strukturen framstår dei med
elektriske eigenskapar som må tilskrivast tilnærma
2-dimensjonalitet, enda om dei sjølvsagt er bygde opp i ein
3-dimensjonal struktur. Dette skuldast, som vi skjønar av det som er
nemnt ovanfor, at leiingsevna er knytt til det atomære nettverket av
Cu og O ionar. Sidan desse planare strukturane er skilde frå
kvarandre med andre atomslag, kan dei i enkelte tilfeller vere å
betrakte som isolerte frå kvarandre. Det betyr at kvart slikt
planart, atomært nett av kopar og oksygen blir som eit eige stoff i
stoffet. Leiingsevnemessig blir resultatet at medan stoffet leier
godt i alle retningar i dette planet, så blir leiingsevnen i
andre retningar relativt dårleg! Superleiings-evnen er altså i sterk
grad retningsavhengig, eller anisotrop, som vi seier.
Fig 1 viser strukturen for YBCO:
Den observante lesaren kan her til ein viss grad sjå
kva det dreier seg om. Men dette stoffet er likevel eit av dei
minst anisotrope.
Ein metallurg eller materialfysikar som er van med å
arbeide med metall eller legeringar, vil i sin praksis kanskje aldri
ha møtt det problemet at det kan vere dårleg elektrisk kontakt
mellom dei krystallinske korna materialet er bygd opp av. Men her
støyter vi på ennå eit problem: Sidan korna berre leier godt i eitt
bestemt plan, blir vi tvinga til å orientere alle korn slik at den
"gode" retningen ligg parallell i alle korn, ei uhyre krevjande
oppgåve. Og for å gjere det ennå vanskelegare: Det har lett for å
legge seg kjemiske samansetningar av ulike slag på grenseflatene
mellom korna slik at superleiingskontakten blir svekka også ved
dette.
Men der eksisterer ennå eit viktig problem, som er
aktuelt i all praktisk bruk: Dette dreier seg om andre aspekt enn
dei strukturelle, nemleg det vi kan kalle forankring av magnetisk
fluks. Ein av dei mange fascinerande eigenskapane ved superleiarar
er at når eit magnetfelt trenger inn i dei, skjer det ved at dei
blir "gjennombora" av superleiande straumkvervlar som kvar er berar
av ei viss kvantisert mengde magnetisk fluks. Problemet er at i
straumførande tilstand vil desse flukslinene bli påverka av den
såkalla Lorentz-krafta, gitt som produktet av påtrykt straum og
magnetfelt. Denne krafta fører til at flukslinene forskyv seg. Men
dette kostar energi fordi dei flytter seg i eit viskøst "medium" av
elektriske ladningar, og dermed tappar energi frå straumkjelda,
stikk i strid med det vi ynskjer. Frå før er det utvikla teknikkar
for å forankre flukslinene i dei tradisjonelle, metalliske
superleiarane, og såleis unngå dette tapet. Men mellom anna på grunn
av at den såkalla superleiande koherenslengda er av svært kort
rekkevidde i koparoksid superleiarane, er det vanskeleg å oppnå god
fluksforankring i desse. Dette gjer at vi i praksis opplever
betydelege energitap sjølv ved temperaturar som ligg langt under den
kritiske temperaturen, Tc. Dermed får vi problem med å
utnytte den fremste og mest lovande eigenskapen ved dei nye
materiala, den høge Tc. Ulike metodar er under utvikling
for å meistre dette problemet. Ved Institutt for fysikk ved NTNU
prøver vi ein metode med å legge karbon- nanorør med diameter på
berre ca 100 ångstrøm inn i superleiarane. Målet er at flukslinene
skal plassere seg inne i desse røra og feste seg der for å redusere
dei tapa som skuldast fluksliner i bevegelse.
Alt i alt skulle det etter dette ikkje vere vanskeleg
å forestille seg at slike material ikkje berre kan vere vanskelege å
beskrive teoretisk, men også uhyre krevjande å utforme til praktisk
bruk.
Vi kan så stille spørsmålet: Kva er situasjonen med
omsyn til teknisk bruk av dei nye materiala? Generelt kan vi
konstatere at det store tekniske gjennombrotet ikkje er kome på noko
område ennå. Det fins lange lister med potensielt viktige
elektrotekniske og måletekniske anvendelsar av høg-Tc
like såvel som for låg-Tc: Frå energitransport og
energilagring på stor skala til levitasjon av tog som går i over 500
km/t til propellfri framdrift av båtar; frå motorteknologi og
magnetteknologi, til måling av biomagnetiske signal frå hjarte og
hjerne ; frå magnetseparasjon av mineral til magnetar og
signal-sløyfer til bruk i magnetisk resonansavbilding i sjukehusa;
frå antenner til filterteknologi innan romfart og jordbasert
kommunikasjon, etc, etc.
Når det gjeld praktisk bruk av superleiarar er det
framleis metall og legeringar som rår grunnen, særleg
Nb3Sn og NbTi. Her er det i dag eit marked på ca 3
milliardar Nkr pr år i USA åleine, heilt dominert av
magnetframstilling til bruk i magnetisk resonans, NMR, ved sjukehusa
og i laboratoria.
Dei nye superleiarane er nå på veg inn i kommersielle
produkt, i spesielle nisjer. Ein kan i dag produsere magnetar som
går opp til 4-5 tesla, dvs ca 4 gonger over det vi kan oppnå i
konvensjonelle elektromagnetar. Men dei må ennå kjølast til omtrent
same temperaturar som dei metalliske superleiarane for å gje så høge
felt. Fordelen er at dei kan brukast til å forsterke magnetfeltet
der dei metalliske superleiarane ikkje toler høgre felt. Slike
hybridmagnetar vil etter kvart få ein viktig plass.
Eit anna døme: I samband med alle typar superleiande
magnetar viser dei nye materiala seg å vere best når det gjeld
straumtilføring frå romtemperatur til flytande helium temperatur.
Her er dei inne i kommersielle produkt.
Når det gjeld kommunikasjon er høg-Tc
høgfrekvensfilter for romfart utvikla. For
mobiltelefon-kommunikasjon er det på veg inn på maknaden ein ny type
bakkestasjonar som gir betre signalbehandling, og dermed behov for
færre stasjonar.
For medisinsk bruk er det utvikla detektorar for
opptak av magnetokardiogram som alternativ til elektrokardiogram.
Ein siktar og mot deteksjon av signal frå hjernen.
Dei nye superleiarane er altså i ferd å finne sin
plass i det teknologiske landskapet, om enn noko langsamare enn ein
hadde vona. Og framleis ligg der ei stor utfordring i å skulle
utnytte fullt ut det store potensialet desse materiala har.
|