. .
Ett nivå opp
INSTITUTT FOR FYSIKK  
 
. .

 

P2-Akademiet, NRK P2, 21.03.2002:

 

Baron Audun Hugleiksson frå Jølster - eit 700-års minne
Av Professor Kristian Fossheim

Tida er moden, ved 700-års minnet for Audun Hugleikssons død i 1302, til å føre riddar og baron Audun, riket sin fremste stormann, kong Eirik Magnusson sin frende og høgste sendemann, attende til fødestaden Ålhus i Jølster. I eit nyskapt sogeteater, la oss her kalle det "Audunarspelet", skal dramaet om Audun Hugleiksson falde seg ut nokre steinkast frå restane av Audun si borg. Den 1. august blir teppet drege til side for ei scenisk framstilling av ei av Noregssoga sine mest dramatiske og uløyste gåter. I soga om Audun Hugleiksson har både Jølster og Noreg eit historisk materiale som kallar på stor dramatisering. Ei utandørs framføring på heimstaden Ålhus gjev rom for at dramaet kan få dei dimensjonar stoffet krev. Her vil vi bli tekne attende til andre halvdel av 1200-talet, då kongane som rådde landet var Håkon Håkonsson, Magnus Lagabøte, og sønene hans, Eirik og Håkon, alle av Sverre-ætta.

Men kven var så denne Audun Hugleiksson, Herre til Hegranes, med det merkelege tilnamnet Hestakorn? Og har Audun rett til ein slik heider, ein fallen stormann og baron, som vart hengd som ein niding og landssvikar på Nordnes i Bergen i året 1302? Naturleg nok har meiningane vore delte, og spekulasjonar, segner, viser og litterære tilnærmingar har vore mange gjennom hundreåra etter Auduns ærelause død. Hans liv og lagnad er myteomspunnen som få andre i Noregssoga. Likevel er soga om Audun Hugleiksson i dag lite kjend blant folk flest. Med sogeteateret på Ålhus vil dette bli endra. Og i nyare tid har historias dom svinga sterkt over til Auduns fordel. Meir og meir blir det forstått at han ikkje berre har rett til å bli frikjend for dei verste skuldingane, men og til å innta ein heidersplass mellom dei gjævaste menn i Noregshistoria.

Her er det på sin plass å peike på at utan den interesse som lokale historikarar har vist, ved sogelag og enkeltpersonar, hadde kanskje det tidlegare negative biletet av Audun fått leve vidare, først og fremst basert på manglande kunnskap. Den første som for alvor tok opp tanken om å rette opp biletet av Audun Hugleiksson, var Johannes D. Sandal som i 1901 gav ut ei lita bok: "Glimt frå Jølsters fortid", der Audun fekk brei plass. Sandal sette på eige initiativ opp ein bauta på Ålhus med den enkle innskrifta: "Her stod Auduns borg". Like etter fremja Ola Sandnes tanken om eit større minnesmerke. I 1934 gjorde Arne Egge utgravingar som til ein viss grad klarla omfanget av borga. I 1952 kom det så eit sterkt innlegg gjennom eit skrift av høgsterettsadvokat Gustav Heber, som på grunnlag av juridisk og historisk analyse i fullt alvor kravde at riksadvokaten skulle frikjenne Audun frå historieskrivarane sin dom. I 1960 vart så eit større minnesmerke med Audun sitt eige, vakre riddarsegl som motiv reist på Ålhus av Sunnfjord Sogelag, etter initiativ av Nils Husetuft. Med dette, og med dr philos Arne Odd Johnsen sin avdukingstale, kan ein seie at mykje av det gamle, negative biletet av Audun som landssvikar vart gravlagt.

Vi kan i dag slå fast at provet for at Audun skulle ha gjort seg skuldig i misgjerningar som kunne rettferdiggjere dødsdommen, er heilt utan historisk dokumentasjon. Sikkert er det derimot at han var ein av riket sine aller fremste menn dei siste 30 åra av 1200-talet. Han er først nemnd under Magnus Lagabøte i 1273, som stallare, det vil seie kongen sin fremste embetsmann i hirden, ein ærefull posisjon han dermed hadde nådd alt som ung mann. Denne stillingen stilte krav til Audun både som leiar og administrator, og førde sjølvsagt med seg høg status. Alt her finn ein grunnlag for å tilskrive Audun gode personlege eigenskapar og kunnskapar som etter kvart skulle føre han heilt til topps.

Og alt same året, altså i 1273, vart han i ei samtidig bispesoge omtala som riket sin fremste verdslege lovkunnige, "hinn vitraste mann til landslaga," som det står. Audun må dermed ha vore ein nøkkelperson i det omfattande lovarbeidet under kong Magnus Håkonsson på 1270-talet, det arbeidet som førde fram til Landsloven. Det var denne loven som kom til å gje kong Magnus det ærefulle tilnamnet Lagabøte, det vil seie den som bøtte eller betra Landsloven. Om Audun si viktige rolle i dette arbeidet rår det full semje mellom historikarane. Kong Magnus Håkonsson Lagabøte var ein uvanleg samvitsfull monark, som kjende riksstyringa som ei tung bør. Lovreformen skulle sikkert gjere det lettare å styre rett.

Audun hadde altså ei særs viktig rolle i denne reformen. Det er her spesielt interessant å merke seg ånda i den nye loven. For å sitere rektor Ola Sandnes: Loven "…bar bod om eit mildare og meir menneskeleg syn, om høgare vurdering av menneskeverd, større vyrdnad for kvinna, og betre omsut for dei fatige, veike og sjuke. Ogso forbrytarane vart betre medfarne enn fyrr". Sitat slutt. Som faghistorikaren Arne Odd Johnsen peika på ved avdukinga av minnesmerket over Audun Hugleiksson, lyser det ei human ånd ut av dette lovverket, ei ånd som er i slekt med den sosiale innstilling i vår tid. Eg siterer: "Vi skulle derfor ha særlige forutsetninger for å forstå at Audun ved sin innsats for dette lovgivningsarbeidet har gjort seg fortjent til et ærefullt minne i norsk historie. Og ennå var dette bare en del av hans livsverk." Sitat slutt. Med Landsloven hadde Noreg teke eit langt steg forbi dei fleste nasjonar på den tid når det gjaldt lov og rett. Det var i sanning eit storverk som var gjort.

Der er etter dette ein utvetydig samanheng mellom fullføringa av Landsloven med Audun si innsiktsfulle hjelp, og det faktum at kong Magnus i 1277, som takk for hjelpa, gav han tittel som lendmann, eller baron som det nå kom til å heite etter utanlandsk skikk. Audun gjorde på si side seinare gjengjeld ved å løyse ut garden Bjerke i Follo frå St Hallvards kyrkje i Oslo, og gje den attende til kongedømet i 1279. Denne garden hadde ei spesiell tilknyting til både kongeætta og til Audun si morsætt, og denne handlinga illustrerer det nære tilhøvet det var mellom Audun og kongsætta.

Hendingane i dei to neste 10-åra av norsk historie skulle komme til å krevje at nettopp Audun måtte ta eit stort ansvar for riksstyringa. Grunnen til at det skulle verte slik, var at Magnus Lagabøte gjekk bort alt i 1280. Han let etter seg to søner, Eirik og Håkon, som begge var born, og såleis ikkje modne til å utøve kongsmakta. Det måtte bli eit formyndarstyre fram til Eirk vart myndig i 1282, med baronane i første rekkje.

Medan faren, Kong Magnus ennå levde, hadde han lenge prøvd å gjere kyrkja til lags. Til dømes hadde kyrkja, ved biskop Jon Raude, fått utvida si makt kraftig ved ei semje, ei såkalla settargjerd i 1277. Men etter Magnus sin bortgang i 1280 kvesste maktkampen seg til mellom stat og kyrkje. Griske kyrkjeleiarar nytta høvet til å tvinge gjennom eit knefall av den 12 år gamle barnekongen Eirik alt i kroningseiden. Og like etter braut det ut ein hard strid mellom biskopane på ei side og riket sine verdslege stormenn på den andre. I denne striden måtte baronane ta del på kongen si side, og mellom dei aller fremste var Audun. Striden førde til ei såkalla rettarbot, det vil seie eit supplement til Landsloven, "med skarp brodd mot geistligheten, som på den tid opptrådte særlig arrogant og utfordrende", for igjen å sitere Arne Odd Johnsen. Trass i at Audun var ein av leiarane i striden, unngjekk han å kome i personleg konflikt med kyrkja. Her ser vi eit tydeleg teikn på Auduns politiske og diplomatiske meisterskap. Men etter at den unge kong Eirik vart offisielt myndig, vart det likevel for ei tid kongemora, dronning Ingeborg, og hennar utvalde hjelpar, baronen Alv Erlingsson som var dei mektigaste kreftene bak Eirik. Denne situasjonen stod ved lag til kongemora døydde i 1287.

I desse åra av Eirik si regjeringstid, vart det drive piratliknande angrep sjøvegen mot Danmark og dei nord-tyske byane, noko som i sin tur skulle tvinge Noreg til å betale store vederlag. Den som vart sitjande med ansvaret for å skaffe dei økonomiske midlane til dette, og rette opp statsfinansane etter denne eventyrpolitikken, var Audun Hugleiksson som Noregs fehirde, dvs som finansminister etter vår terminologi. Dette tunge økonomiske ansvaret var det vel utan tvil som skulle kome til å bli sjølve drivkrafta i mange av hans seinare utanrikspolitiske handlingar. Det skulle vise seg igjen og igjen at der Audun stod i fremste line på det utanrikspolitiske området fram mot fengslingsåret 1299, gjaldt det traktatar med viktig finansielt innhald for landet, og ei rekke vanskelege forhandlingar om utbetaling av medgifte, og vidare planar om nye giftarmål for kong Eirik og hertug Håkon, tiltak som kunne gje Noreg viktige inntekter om dei lykkast, og som representerte store tap om dei ikkje lykkast. Audun måtte for ein kvar pris betre statsfinansane. Det var hans embetsplikt.

Men la oss her gå litt nærare inn på kven personen Audun eigentleg var, kva vi veit om hans opphav, og om borga på Ålhus. Audun må ha vore fødd kring 1240. Faren, Hugleik, må ha vore ein svært velståande bonde busett på Hegranes i Jølster. Audun vart seinare kalla Herre til Hegranes, også i utlandet, så den tilknytinga står fast. Vi må kunne rekne med at Audun voks opp på Hegranes. Men alt som ung gut må han utan tvil ha reist annan stad for å få den utdanning og lærdom som skulle gjere han til ein slik framståande mann. Med dei evner han seinare viste, kan det vere nærliggjande å tenkje seg at han hadde fått oppseding i Kongsspegelen si ånd. Han fekk utan tvil si tids høgste utdanning. Audun- namnet er det semje om at han hadde fått frå morfaren, Audun i Borg. Dette forklarar korleis han var slekta til kongsætta. Vi veit at han vart gift med Gyrid, og at dei hadde born, men det er uklårt om nokon av dei overlevde Audun. Lokalhistorikarar i Sunnfjord og Nordfjord har funne grunn til å tru at namnet levde vidare i etterkomarar både i Jølster og i indre Nordfjord, men dette er uvisst.

Store deler av livet må Audun ha budd i Bergen, som då var rikshovudstad. Nærleik til den unge kong Eirik, som Audun tente på slik framskoten plass, må ha vore ein viktig føresetnad for deira tette samarbeid. Audunargarden i Bergen har vore hans residens der. Ei stor gåve han gav Munkeliv kloster på Nordnes vitnar og om tilknyting til Bergen. Hans økonomiske ankerfeste på Vestlandet var sjølvsagt det store Nordfjordgodset, som eigedomane hans i Firda-fylket vart kalla. Store deler av Jølster tilhøyrde Auduns gods, men dette var langt frå alt. Vi kan og godt tenkje oss at han hadde sitt eige skip til å føre produkta frå godset ut av landet, då landet ennå mangla ein kjøpmannsstand. Audun var mykje på reiser i embets medfør, i mange land. Dette gav han høg status, både i Noreg og i dei land han vitja.

At Audun må ha vore svært rik, vitnar mellom anna borga på Ålhus om, forutan dei gods ein kjenner til at han åtte. På den tida var det, utanom Audun Hugleiksson, berre Alv Erlingsson som hadde privat borg i Noreg. Dette var borga Isegran i Fredrikstad, og som ennå ligg der. Om borga på Ålhus er diverre lite kjent. Restar av borga har vore målte til ei grunnflate på 30 gonger 24 alner. I skriftlege kjelder er det på 1700-talet nemnt at borgmurane stod opp til ca halve første høgda. Materialet til borga er til dels henta utanfrå bygda, kanskje frå hans eige gods på Svanøy nær Florø, der same steinarten er å finne. Vi må tru at borga stod der i full prakt medan Audun levde. Her reid baron Audun inn porten. Og her reid han, etter ei av segnene, ut på si siste reis, til fengsling i det mørke fangeholet, i Bergen, i 1299, for deretter 3 år seinare å bli førd i lenkjer til galgen på Nordnes og bli hengd som ein tjuv og svikar.

Den rikdom og makt Audun viste ved å byggje borga i Jølster, har i historiebøkene til ein viss grad blitt utlagt slik at han hadde misbrukt sin maktposisjon under kong Eirik. Her må det nemnast at slikt var vanleg blant kongens ombodsmenn. Kongane stod heller svakt når det gjaldt å stogge dette uvesenet, fordi embetsverket og det fysiske maktapparatet var så lite utbygd. Til dømes talde den sentrale administrasjonen berre nokre titals skrivarar under kanslaren og leiarane for hirden. Men igjen finst det ikkje prov for at Audun utnytta sin posisjon på denne måten. (Det blir berre til ein mistanke utan nærare konkretisering, og kan vel difor knapt tilleggjast vekt som historisk argument.)

Då Eirk døydde i 1299, vart Håkon konge. Noko av det første han gjorde, var å fengsle Audun. Det er her vi blir stilt framfor den uløyste gåta: Kvifor? At borga på Ålhus kan ha vore ein alvorleg torn i auga til Håkon, skal vi på ingen måte sjå bort frå. Tvert imot. Ein svært alvorlege konflikt Håkon hadde hatt med den andre borg-baronen, Alv Erlingsson, hadde nok for alltid sett ein støkk i han. Alt som 17-årig hertug måtte slå ned eit kraftig angrep frå Alv. Håkon tok grundig hemn, der han tok livet av 250 av Alv sine huskarar, og jaga Alv sjølv ut av landet, der han etter kvart fekk ei sørgjeleg endelikt. Håkon hadde altså god grunn til å sjå med stor skepsis på alle maktdemonstrasjonar frå sine baronar, spesielt borg-baronane. Borga i Jølster var ein maktdemonstrasjon. Kunne Håkon vere trygg på Audun? Truleg kjende han det ikkje slik etter Alv si framferd. Kanskje tenkte han og at Audun hadde godkjent angrepet frå Alv Erlingsson, for det er ikkje kjent at dei to baronane hadde noko usemje seg imellom. Altså kunne Håkon ha meint at dei stod saman mot han. Men det er lite truleg at ein slik mistanke var tufta på realitetar. Audun sin plass i riksstyringa under Eirik var for sikker til det. Men for Håkon kan det ha sett ut til at han måtte kome Audun i forkjøpet, og rydde han av vegen straks han kom til makta.

Som sagt fortel kjeldene ingen ting om kva Audun var klaga for. Ikkje heilt urimeleg har det vorte hevda, til dømes av P.A. Munch, Gustav Storm og Alexander Bugge, at grunnlaget er å finne i traktaten som Audun forhandla fram med Frankrike under Filip den 4., og underteikna i Paris den 22. oktober 1295. Her finn vi igjen Noregs store statsmann, Audun, som leiande sendemann, med alle fullmakter frå kong Eirik, og med kongens fulle tillit som forhandlar på den storpolitiske arenaen. Bakgrunnen for dette høgst utradisjonelle initiativet, var kort fortalt at Noreg meinte å ha krav å gjere gjeldande andsynes Skottland. Det dreia seg mellom anna om uoppgjord medgift til Margrete, som kong Eirik alt som 13-åring hadde fått henta som dronning frå Skottland. Audun hadde tidlegare ført forhandlingar med England for å oppnå støtte til Noregs sak, både på dette området og når det gjaldt avgifter for Suderøyane, men utan å kome nokon veg, korkje ved forhandlingar i Noreg eller ved ferder til Skottland og England på kongens vegner.

Då Frankrike og England kom i krig, såg Audun sjansen til å legge ytterlegare press på England ved å gå inn i ein subsidietraktat med Frankrike. Paris-forhandlingane med Frankrike som Audun leia, strekte seg over fleire månader. Audun forplikta der Noreg til å stille ein flåte med maksimalt 300 skip og 50 000 mann på franskmennene si side i krigen med England. Audun gjorde dette med kong Eiriks uttrykkelege garanti i ryggen, og stilte sjølv sine eigedomar i pant. Var så traktaten eit dristig og uansvarleg spel der Noregs nasjonale interesser vart sette i fare, ein traktat som umogeleg kunne oppfyllast? Eller var det ein traktat som Noreg både kunne innfri og ha vinning av, politisk og økonomisk? Faktum er at traktaten gav Noreg berre fordelar. Landets økonomi var Auduns ansvar, og forskotet på 6000 mark sølv kom svært godt med i ein slunken statskasse som han sat med ansvaret for. Men krigen mellom Frankrike og England tok slutt berre få månader etter at traktaten vart underteikna. Noreg rakk såleis ikkje å innfri lovnadene, og Frankrike gjorde heller aldri krav på tilbakebetaling. Dei rekna rimeleg nok med at førebuingane, som det utbetalte forskotet skulle gå til, hadde kosta. Og kanskje hadde traktaten hatt sin verknad: Kan hende hadde trusselen om den store norske flåten vore eit viktig moment i å bringe fred? Håkon Håkonsson hadde fare med ein stor flåte mot vest på 1260-talet, og elles var det vel få ting nordmennene hadde større kunnskap om og evner til enn å ta seg fram over havet. Og kvar var landssviket? Det er blitt hevda at Noreg ikkje hadde kapasitet til å stille så stor flåte som det var lova. Dette kan vel diskuterast. Rett nok lovde traktaten meir enn det storleiken og tenestetida til leidangen i Noreg svara til. Men som Gustav Heber har påpeika, skulle det vere mogeleg å utvide både omfanget og tidsrommet av leidangen ved å hyre ekstra mannskap, og løne dei utover leidangstida med dei summar traktaten lovde, 30 000 pund sterling ( 10 tonn reint sølv) i året. Ein annan ting er at den styrken det var snakk om, truleg berre skulle oppfattast som ei maksimal ramme.

Tida frå 1280 til 1300 var ei særs vanskeleg tid for landet, med alvorlege konfliktar som alt er omtala. Dette fall vidare saman med særleg ulykkelege omstende ved at den 20 år gamle dronning Margrete døydde straks ho hadde sett ei dotter til verda. På denne tida hadde kongen sjølv nær mista livet i eit fall frå hesten, (og deretter vart han låghalt i ei ny ulykke. Ennå var han knapt 15 år gamal!) Den vesle prinsessa, også kalla Margrete, skulle så giftast bort, med tanke på å bli dronning av Skottland og England, berre 7 år gamal. Men ho døydde alt under overfarten i 1290. Etter Eiriks død i 1299 tok den nye kongen, Håkon, eit oppgjer med Audun. Gjennom fengslinga og avrettinga av Audun gjorde han det klart for stormennene kva som venta den som ikkje lydde hans ord. Seinare reduserte han alle stormennene si makt kraftig.

(Audun sitt storslåtte liv og hans sørgjelege endelikt, har vore tema for mange historiske diskusjonar, avhandlingar og litterære vinklingar, både i nyare dikting og i eldre folkevisedikting. Henrik Ibsen brukar til dømes eit rykte om overgrep av 60-åringen Audun mot kong Håkon si kvinne, utan historisk belegg, i "Gildet på Solhaug." Welhaven og fleire andre har og brukt stoffet om Audun.)

Audun sitt historiske problem og handikap er det ufullstendige kjeldematerialet omkring både hans gjerning, liv og død. Han står fram, som nemnt, i korte glimt, ofte som landets fremste stormann, i finanssaker, i hirden, i lovsaker og utanrikssaker. Han blir omtala som kong Eirik sin frende, den høgt verdsette og lojale sendemann til dei aller vanskelegaste utanrikspolitiske oppdrag.

Medan såleis mange av hovudpunkta i Audun sitt liv er kjende frå historiske kjelder i inn og utland, kan mange andre - og det gjeld nokre av dei aller viktigaste - truleg aldri oppklarast. I særleg grad gjeld dette alt som knyter seg til hans ærelause død. Var det eit reint politisk mord, iverksett av ein hemnhuga og utrygg kong Håkon 5. , som elles kunne bli sitjande i skuggen av sin overmann, Audun? Eller var det resultatet av ein 3-årig rettsprosess der alvorlege klagar om landssvik vart grundig drøfta og funne bevist? Trass i at det ikkje er funne historisk prov for påstanden om landssvik, eller andre overgrep frå Audun si side, vart påstanden om eit svik, anten ved maktmisbruk, underslag av statlege midlar, eller kvinneovergrep lenge ståande. Og trass i at det ikkje er ført prov for at han vart dømd i ein lovleg prosess, har historikarane fram til ca 1950 gått ut frå at dette var tilfellet. Dette eldre, meir ukritiske historiesynet, som eg vil kalle det, bore fram av P. A. Munch og andre, tok det for gitt at Håkon den 5. hadde rettferdige og lovlege motiv. Seinare har det meir og meir blitt vurdert som eit politisk oppgjer med stormannsstyret under Eirik. I dag er det vel rett å seie at det siste synet har vunne. Håkon gav som nemnt klar beskjed om at han skulle styre sjølv, og at han ville ta eit oppgjer med tidlegare politikk, og med stormennene. Allereie framgangsmåten, både arrestasjonen av Audun, og den langdryge tida han sat innesperra i eit mørkt fangehol, var begge deler i strid med då gjeldande lov, som påvist av høgsterettsadvokat Gustav Heber. Historia er elles full av døme på lovlause mord utførde av maktsjuke herskarar i denne tida, ei rå og brutal tid som den er blitt kalla. Alt i alt er den tidlegare historiske dommen prega av at manglande fakta kring saka har kome kongen til gode. Gustav Heber tok, på juridisk grunnlag, eit svært kraftig oppgjer med alt dette. Han argumenterte for å mortifisere historikarane sin dom over Audun som landssvikar. Det er vanskeleg å seie seg usamd med han. På sine premissar frikjenner han Audun Hugleiksson. Han kalla avrettinga av Audun for, eg siterer " et åpenbart justismord."

La oss difor gje Audun oppreising slik han fortener det. La Herren til Hegranes, riddar, stallare og baron, atter ri sin gangar over vollen på Ålhus!

Sist oppdatert: 09.12.2004