.
|
.
|
|
Debattinnlegg i dagsavisa Firda, januar 1999, etter Befrings svar på
Fossheims tidlegare kronikk ”Matematikk- ikkje for nordmenn?” same stad:
|
|
Matematikkdebatten: Fakta mot myter.
Fysikkprofessor Kristian Fossheim
Norges Teknisk-Naturvitskaplege Universitet
FN har vedteke å gjere år 2000 til matematikkåret,
for å understreke faget sitt grunnleggande
verde for vår sivilisasjon. Edvard Befring synest at eit passande svar på dette
er å nedprioritere faget i skulen i Norge, ved å ta det bort frå timeplanen
som eige fag. Trass i den overveldande negative reaksjonen på det forslaget,
prøver han i Firda å bygge opp ein myte om at han får god tilslutnad, og ”undrar”
seg i underfundige vendingar over at eg ikkje støttar han. Eg finn det difor på
sin plass å gjere lesarane kjende med kva stilling ei lang rekkje høgt kompetente
personar innan pedagogikk, matematikk, fysikk og politikk har teke til forslaget.
Eg nemner her alle dei innlegg eg personleg har kome over:
Anders Folkestad, leiaren i Lærerforbundet, til Aftenposten:
“Helt på jordet og litt til”, og “ Et skikkelig bomskudd” er karakteristikken
hans av Befring sin ide om å ta matematikkfaget ut av timeplanen i grunnskulen.
Førsteamanuensis Jostein Bye, ved Avdeling for lærerutdanning og
skoleutvikling, NTNU, skreiv i Universitetsavisa: ” Når Befring ikke liker fargen
på huset, sier han ” Brenn ned huset!””
Matematikkprofessor Helge Holden ved NTNU,
Matematikkprofessor Kristian Seip ved NTNU, og
Forskningskoordinator i pedagogikk, Ingvill Holden , NTNU
skreiv i ein kronikk i Aftenposten:
“Man trenger ikke gå lenger enn til fysikk for å se hvor galt
det kan gå når en intergrering av den typen Befring ønsker, gjennomføres.
Fysikkens stilling i den norske skole er blitt vesentlig svekket etter at
den ble integrert, først i det såkalte O-faget, og nå etter reformen i
natur- og miljøfag i grunnskolen, og naturfag grunnkurs i videregående skole.”
Forfattarane tek eit kraftig oppgjer med forslaget frå Befring, og følgjer i stor
grad det same resonnement som underteikna tidlegare hadde gjort gjeldande i Firda.
Stortingsmann Jens Stoltenberg (Ap) avviste tanken om å ta bort
matematikktimane, i eit intervju i Aftenposten. Han fortalde ei tankevekkande
historie om korleis manglande matematikkopplæring ved Steinerskolen og i vidaregåande
skole var nær ved å øydelegge sjansane hans til å gjennomføre studiet i
sosialøkonomi. Han legg vekt på å halde faget på timeplanen, men ser
gjerne ei forbetring av undervisningsmetodane i meir praktisk retning.
Stortingsmann Petter Løvik (H) :“Eit gufs frå fortida” var
uttrykket han brukte, mellom anna i Adresseavisen og i Firda.
Statssekretær Marit Elisebet Totland i KUF seier ho er moden
for radikale utspel, og trur på ei sterkare forankring av matematikken
i praktiske fag, men “det betyr ikke at vi uten videre kjøper resepten” til Befring.
Matematikkprofessor Jens Erik Fenstad, Universitetet i Oslo, skreiv i
Aftenposten om forslaget om å undervise matematikken berre i samanheng med andre fag:
“Som matematiker skulle jeg ønske at matematikk og anvendelser kunne gått hånd i hånd.
Men vår erfaring, som strekker seg noen tusen år tilbake, sier noe annet”.
Matematikkprofessor Tom Lindstrøm ved Universitetet i Oslo
skreiv i Dagbladet, der han gjekk kraftig i rette med Befring: “Mange vil nok tro
at når en professor i pedagogikk uttaler seg om et skolefag, har han skaffet
seg rede på de grunnleggende fakta- at han for eksempel har studert læreplaner
og lærebøker, skaffet seg oversikt over vanlig undervisningspraksis, og konferert
med kolleger innen fagdidaktikk om de siste års tenkning. Edvard Befring synes
åpenbart at dette er unødvendig”. Han understrekar at Befring gir ei feilaktig
framstilling av historia om den såkalla “nye matematikken” på 60-70-talet, og
nemner hans motstand mot styrking av matematikken i tidlegare debatt. Det går
vidare fram at tanken om å bruke matematikken aktivt i undervising i andre fag,
alt er vel innarbeidd i læreplanen. Denne tanken er altså på ingen måte ny.
Dette blir også påpeika frå Steinerskolen som seier dei har brukt denne
undervisningsmetoden i 80 år.
Fysikkprofessor Asgeir Brekke, Universitetet i Tromsø uttala seg
i svært sterke vendingar til Aftenposten, og seier at han er rysta over at ein
i det heile diskuterer å fjerne matematikken frå timeplanen.
Underteikna, fysikkprofessor ved Norges Teknisk-Naturvitskaplege Universitet har
tidlegare skrive ein artikkel og eit innlegg i Firda, der eg har markert
mitt sterkt kritiske syn på forslaget frå Befring.
Som avislesar gjennom 50 år har eg aldri tidlegare opplevd at eit skulepolitisk
utspel er blitt så eintydig underkjent i den offentlege debatten som i tilfellet med
Befring sitt underlege forslag om å ta bort matematikktimane. Når så mange har
engasjert seg, kjem det av to ting: At så mange er opprørde over innhaldet i forslaget,
og at spora etter ”den nye matematikken” frå 60-70 talet skremmer. Ingen med
verkeleg innsikt i matematikken si samfunnsmessige rolle, torer tenkje på å
tillate ein liknande skulepedagogisk fiasko innan matematikkfaget. Ungdomen må
sparast for å bli prøvekaninar for sensasjonsprega pedagogiske utspel av denne typen.
På den andre sida er dei aller fleste samde om at der er rom for
ei betring av pedagogikken, slik eg og har understreka. Ikkje minst er
matematikarane sjølve sterkt engasjerte i dette spørsmålet. Og det er slett
ikkje noko nytt, for Reform 97 gir alt rom for det.
Den ovanståande dokumentasjonen syner at fornuften ennå rår.
Men ein kan og bør spørje seg kva som kunne ha hendt om vi ikkje hadde reagert.
|
|
|