. .
Ett nivå opp
INSTITUTT FOR FYSIKK  
 
. .

 

Kronikk i Adresseavisen 20.03.2006:

 

Teknologiske høgdepunkt- og tapte skansar
Av Kristian Fossheim, professor Dr. philos.

Ein av det 20. hundreårets mest framståande norske statsmenn, Gunnar Knudsen, er kjend for dei fleste som skipsreiar. Men av utdanning var han ingeniør. Han var teknologioptimist og industribyggar, og han stod bak bygginga av Norges første elektrisitetsverk, i Skien. Her starta leveransen av elektrisk kraft til private kundar i 1885. Knudsen var fødd i 1848, ved starten av den industrielle epoken i norsk historie, og kom til å vere ei av dei førande krefter i industrialiseringa av Norge fram til 1920. Ved hans bortgang i 1928 hadde Norge tatt steget frå bondesamfunn til industrisamfunn. Mykje av den endringa skuldast nettopp ingeniøren Gunnar Knudsen, som først bygde sitt eige industrielle imperium og deretter sat i regjering og ved statsroret i ein avgjerande epoke på mest 20 år like etter hundreårsskiftet. Gunnar Knudsen kan stå som ein markant representant for den rolla teknologane spela i utviklinga av Norge til eit moderne samfunn. Og her er det viktig å merke seg at desse som bygde industrinasjonen, utførde verket både i teknologisk forstand og som leiarar, industrielt og til dels politisk.

I dag er situasjonen ein ganske annan, ja nærmast dramatisk annleis. Teknologane si rolle i den offentlege diskusjonen om samfunnsmessige prioriteringar er kraftig redusert. Dei store bedriftene blir leia av økonomar og juristar, og av folk med leiing som profesjon. På Stortinget og i Regjeringa er den teknisk-faglege kompetansen så godt som borte. Faglege dilettantar har stort spelerom. Dei store ressursane som moderne teknologi tilfører nasjonen, til dømes ved oljeutvinninga, blir tatt for gitt. Produktet av deira innsats blir for det meste reduserte til enkle tal som politikarar - utan teknisk kompetanse og innsikt i den fantastisk komplekse materie som moderne oljeutvinnig er - står fram som ”eigarar” av, og sjonglerer med i den offentlege debatten.

Medan teknologane si rolle vart sett på som positiv, nødvendig og framståande i heile epoken frå ca 1850 til 1960, skjedde det eit skifte til kritisk haldning og nedgradering i samband med fokuset på atombombetrussel og forureining gjennom 1960 og -70-talet. Sidan har teknologane tapt ikkje berre dei politiske skansane, men også dei leiande posisjonane i våre store industrikonsern og dermed i godtfolks omdømme. Med ei spissformulering kan vi kanskje seie at teknologane er reduserte til samfunnets intelligente, bra betalte, og hardt arbeidande slavar.

Dermed er vi inne i ein vond sirkel, med dei resultat vi i dag ser gjennom manglande interesse for naturfag og vitskapleg basert teknologi. Utan kontinuerleg synleggjering og idolisering, minkar status. Dei unge ser det, og fylgjer trendane. For mange er det, og bør vere, eit stort paradoks at i ei tid då teknologien formar samfunnet og endrar det med ei kraft og ein fart som er utan sidestykke i historia, så blir nettopp teknologi og naturfag sett som mindre attraktive. Men det er nettopp i slike paradoks vi finn våre særtrekk, og må søke etter forståing av vår eiga tid. Då er det fornuftig å søke kunnskap:

Norges teknologiske historie heilt fram til i dag er nyleg blitt grundig diskutert i boka ”Teknologi og samfunn” som vart gitt ut av Norges Tekniske Vitenskapsakademi i samband med 50-års feiringa i haust. Ei rekkje sentrale aktørar på den teknologiske arenaen er bidragsytarar til dette verket som fortener ein plass både i godtfolks bokhylle, og som kjeldeverk for både teknologar og politikarar. Knut Åm skriv framifrå om norsk teknologiutvikling og oljealderen, Karl A. Almås skriv med stor innsikt om teknologiens betydning for norsk havbruk, Kjell Arne Ingebrigtsen gir ein svært interessant gjennomgang av Norges fem viktigaste bedrifter innan medisinsk teknologi. Av interessante tema elles nemner vi framtidas energiforsyning, situasjonen for naturfaga i skolen, framtidsretta teknologiutdanning, og kunnskap og teknologi som grunnlag for framtidig velstand. Gudleiv Forr analyserer ingeniørens tapte rolle i kommunikasjonssamfunnet. Panelet leverer ein innsats det står respekt av.

La oss sjå litt på medisinsk teknologi der Norge har sterke bedrifter å vise til: Amersham Health, Dynal Biotech, GE Vingmed Ultrasound, Laerdal Medical, og Pronova Biocare. Dei største er Amersham Health med omsetnad på 10 milliardar, og deretter GE Vingmed Ultrasound og Laerdal Medical, kvar med ca 2 milliardar i omsetnad. Forbokstavane GE viser til at Vingmed vart oppkjøpt av storkonsernet General Electric i USA. Det dreier seg altså om moderne bedrifter i fremste line internasjonalt i dag. Av desse må etter mi personlege meining GE Vingmed Ultrasound få karakteristikken som Norges fremste høgteknologibedrift, med Amersham Health hakk i hæl. Begge desse bedriftene har etablert seg på sine nåverande teknologiområder i løpet av dei siste 20 åra. Dei blant dei verdsleiande i sin bransje, Amersham Health innan ulike kontrastmiddel, GE Vingmed Ultrasound i hjartediagnostikk, spesielt med teknologi for blodstraum-måling ved bruk av ultralyd, internasjonalt kjent som ”Vingmed Doppler”.

Det kan og vere verd å minne om at Norge også har hatt ein glansperiode innan datateknologi, med bedrifta Norsk Data. Denne leverte datamaskinar, Nord-maskinar, som må reknast blant verdas fremste på 1970-80-talet. Den historia gjer Rolf Skår greie for.

Det fins få menneske i vårt land i dag som fullt ut kjenner den komplekse utviklinga innan teknologien for oljeutvinning på store havdjup. Norge er i dag ein av dei absolutt leiande nasjonar på dette området. Kva det har kravd både av framsyn, teknologisk optimisme og økonomisk satsing er ikkje fort gjort å gjere greie for. Knut Åm både kan det og gjer det i sitt bidrag til boka.

Men like stor interesse bør det knyte seg til dei spørsmåla som Gudleiv Forr reiser med stor innleving: Korleis skal teknologane ta igjen sine tapte posisjonar som beslutningstakarar på høgt nivå, det vil seie som leiande samfunnsaktørar? Skal vi igjen sjå at teknisk fagkompetanse blir viktig for å ha leiande posisjonar i våre største verksemder? Utfordringa er klinkande klar: Teknologane må på banen i den offentlege debatten, ikkje berre som fagspesialistar, men som kommunikatørar i mediesamfunnet, med politisk teft og retorikk.

Sist oppdatert:06.03.2007