. .
Ett nivå opp
INSTITUTT FOR FYSIKK  
 
. .

 

Kronikk i Aftenposten, august 1992:

 

Utdanning og teknologisk forsking i Norge: Langsiktig kontra kortsiktig perspektiv.
Av professor Kristian Fossheim
Norges tekniske høgskole

Det er i dag truleg klårare enn nokon gong før at ein nasjons levestandard er knytta tett saman med evnen til kulturell og teknologisk utvikling og nyskaping.

Slik nyskaping kan berre funderast på sterk opplæring og utdanning på alle nivå, og på kvalitet i forsking. Grunnleggande er dette først og fremst eit spørsmål om å ta vare på talent i alle stadier, altså å stimulere og dyrke dei kreative evner i våre born og vår ungdom. Det er desse menneskelege ressursane som skal skape vår vidare velferd. Det er dei som skal stå for dei nyvinningar som gir oss konkurransekraft både heime og ute.

Men oppgåver av denne typen kan aldri løysast med kortsiktige verkemiddel. Det er berre ut frå langsiktige strategiar ein kan lukkast i å føre våre unge talent den lange vegen gjennom skolar, studier og praktiske røynsle til å bli bærebjelken som held vårt samfunn oppe i den stendig skjerpa internasjonale konkurransen.

I mesteparten av etterkrigstida har forståing av kva dette inneber av samfunnsprioriteringar mangla. Vi har sløsa med den største ressurs ein nasjon har: Ungdommens talent. Likskapstanken har medført neglisjering av talentet. Den nasjon har god råd som tillet seg slikt.

Det kan vere grunn til å spørje om den arbeidsløyse og tapte marknader vi opplever i Norge i dag, heng saman med feilslåtte haldningar til nettopp desse viktige spørsmåla. Eg trur at den manglande kreativitet i vår nasjon i dag er eit direkte resultat av feilslått utdanningspolitikk. Fleire 10-års neglisjering av talentet måtte gjere sin verknad. Paradoksalt nok: dersom ikkje naturen tilfeldigvis hadde forsynt oss med olje hadde krisa kome alt frå midten av 70-talet. Vi hadde blitt tvinga til å prioritere utdanning og forsking gjennom resten av 70- og 80-talet. Og i 90-åra ville vi kanskje vore rusta til å møte verda som ein kunnskapsrik og sofistikert nasjon. Diverre tente oljen som sovepute og utsette dei prioriteringar som måtte og må kome.

I det følgjande skal eg berre diskutere vidare ei side ved dei spørsmåla eg har antyda ovanfor, nemleg situasjonen for teknologisk forsking i ein langsiktig, strategisk samanheng.

Med bakgrunn i over 20-års røynsle frå det naturvitskaplege og teknologiske forskingsmiljøet ved Norges Tekniske Høgskole (NTH) og med godt kjennskap til Stiftelsen for Industriell og Teknisk Forsking ved NTH (SINTEF), vil eg spørje: Har vårt desidert fremste teknologiske –naturvitskaplege miljø med bortimot 4000 tilsette (det 4. største i Europa) armslag for nettopp den strategisk langsiktig innsatsen som næringslivet og samfunnet elles er heilt avhengige av?

Eit unødvendig spørsmål vil mange seie: Vi driv fri forsking ved universitet og høgskolar i dette landet. Høgst upassande vil andre påstå, etter som statistikken viser Norges Tekniske Høgskole som doktorgradsskolen par excellence i Norge: NTH kan vise til ein nærmast uslåeleg statistikk for gjennomføringstid og gjennomføringsprosent til siv.ing. grad . NTH var først ute med ny og internasjonalt moderne doktorgrad i 1974, og har i dag nær 800 doktorandar i arbeid. Særlig pga NTHs innsats uteksaminerte Universitetet i Trondheim over 41% av alle doktorandar i Norge i 1990, med tilgang på ressursar som svara til 22% av studenttalet ved dei 4 norske universiteta samla. Dette skuldast i første rekke den ansvarskjensle som gjennomsyrer NTH-kulturen: Å gjere ein god jobb og å bruke ressursane mest mogleg effektivt har alltid vore høgste målsetting. Då det vart på moten å slakke av på krava, sto høgskolen fast: Skjerpa fagleg innsats og godt over 90% gjennomføring av studiet. Sjølvskryt? Nei, fakta. Så skulle alt vere såre vel? Nei, etter mi meining ikkje, når vi ser på rammevilkåra, og kva konsekvensar dei har.

Nå er det snakk om å stimulere studentane og universiteta til å betre innsatsen. Men vår tekniske høgskole har aldri mottatt noko ekstra belønning frå departementet for sin gode innsats. Skal vi snart merke at det svarar seg å gjere god bruk av pengane? Omsider kan det vere politisk klima for det. Men truleg vil utjamningstankegangen vinne over slike idear, no som før. Tendensen er helst motsett: Å skjerpe budsjetta uansett godt eller dårleg resultat, og kanskje særleg om resultata er gode, for då må der vere noko å gå på?

Men tilbake til forskinga. Kva rolle skal NTH ha her? NTH må gå føre og utvikle teknologiske og naturvitskaplege kunnskapar, utdanne doktorandar og sette ein høg internasjonal standard i alt sitt arbeid. Det viktigaste produktet av NTH-forsking er doktorandane, der vi i framtida må rekne med å ligge på godt over 100, kanskje nærmare 200 uteksaminerte pr år. Det er desse som i særleg grad vil prege standarden på norsk industri og næringsliv i framtida.

Kva situasjon møter dei så? Eit universitetsbudsjett, inklusive NTHs, er totalt ueigna til å gje livsvilkår for verkleg avansert forsking. Av høgskolens totale budsjett i 1991 på 612 Mkr gikk berre 27 Mkr til vitskapleg utstyr og truleg eit noko større beløp til drift av forsking. Det totale behovet til over 500 fast vitskapleg tilsette ligg på det 10-doble beløpet. Desse midlane må kvar enkelt forskar (professor og amanuensis) skaffe utanfrå. Eit universitetsbudsjett er i realiteten berre eit undervisningsbudsjett. For å oppretthalde høgskolens forskingsinnsats trengs det altså i tillegg store ressursar til kvar enkelt fast tilsett i vitskapleg stilling: til åremålstilsette forskarar og stipendiatar, utstyr, driftsmidlar, gjesteforskarar, reiser. Å drive avansert teknologisk forsking er ressurskrevjande og NTH er ein svært konstnadseffektiv institusjon. Forskinga her er slett ikkje dyrare enn ved andre samanliknbare institusjonar i Norge og i utlandet. Behovet for forskingsfinansiering for kvar professor ligg i området 0,5 – 2 mill. kr. pr. år avhengig av aktivitetsnivå. Ved nøkkeltildeling frå høgskolen får han/ho av størrelsesorden 50 – 100.000 kr. om han/ho har samla ein del medarbeidarar. Resten må skaffast utanfrå. Det krev store deler av ein professors arbeidskapasitet å skaffe desse midlane, om han/ho i det heile klarar det. Situasjonen er liknande for amanuensisgruppa, men behova er noko mindre her.

Denne situasjonen er for så vidt akseptert: Midlar til forsking skal ha god grunngjeving Automatikk i tildelinga blir lett ei sovepute. Men problem for teknologisk forsking er at midlane her er bundne tett opp til industriens umiddelbare behov for forskingsresultat.

Fokus i forskinga blir dermed prega av kva forskingsresultat industrien treng for å halde i gang sin nåverande produksjon, og neste års produksjon. Det å sette inn ressursbruken på utvikling av bærekraftig kompetanse, og utvikling av forskartalent og nye idear for nettopp industri og næringsliv burde vere hovudoppgåva for NTH-forskinga. I staden blir mijøet pressa av finansieringssituasjonen til å ta eit kortsiktig perspektiv.

Problemet blir presserande ved at Norges Teknisk Naturvitskaplege Forskingsråd (NTNF) har lagt seg på ei kortsiktig line der prosjektmidlar skal kanaliserast via industrien og gje industriell produkt på kort sikt. Paradoksalt blir dette når det er kome dit at ein NTH-professor ikkje lenger kan søke vårt teknologiske forskingsråd om midlar til teknologisk forsking!

Alt i alt står vi i den situasjon at NTH-forskarar i teknologi ikkje kan skaffe seg forskingsmidlar på fagets premissar. Langsiktig teknologisk forsking har altså knapt nok legitimitet i Norge. Eg vil ikkje nøle med å kalle dette ei systematisk undergraving av kvaliteten på våre doktorandar. Det viser seg da også i statistikken at publikasjonsraten er for låg fordi prosjekta blir for nær knytt til kortsiktige og matnyttige oppdrag, og at norsk teknologisk forsking blir lite sitert internasjonalt.

Men det bør ikkje vere slik at NTH-forskinga skal løyse dagens industrielle teknologiske problem. NTH-forskinga må fokusere på det langsiktige, på å utvikle det menneskelege potensialet i sine doktorandar, og på fagets eigenutvikling. Slik er det ikkje nå, og det er ikkje høgskolen sitt val.

NTH er altså i dag driven inn i eit for kortsiktig samarbeid med industrien (og SINTEF) til skade for kvaliteten på doktorandane. Vidare er NTHs internasjonale rennomé som forskingsinstitusjon skadelidande av same grunn. Den som ikkje i høg grad publiserer internasjonalt, er ikkje med på kartet over internasjonalt viktige miljø. Dette bringer oss i kompetansemessig ubalanse med dei fremste industrinasjonane. NTH er tvinga inn i ei uheldig rolle. Mi oppfordring til departementet og til det nye Norges Forskingsråd er:

La oss få eit Norges Forskingsråd som fullt ut legitimerer langsiktig, naturvitskapleg og teknologisk forsking av høgste internasjonale kvalitet. Vi har ikkje råd til anna.

Redaktør: Instituttleder , Kontaktadresse: webmaster@phys.ntnu.no
Sist oppdatert: 24.01.2005