Eit universitet har tre hovudoppgåver i vårt samfunn: Undervisning, forsking og formidling. Den siste oppgåva blir ofte underprioritert fordi dei to første oppgåvene krev så mykje av dei som arbeider ved universitetet. Men enkelte prøver å ta den siste oppgåva, formidling, på alvor. Professor Kristian Fossheim ved Institutt for Fysikk ved NTNU er blant desse. Han har i ei årrekke teke del i den offentlege debatten omkring forskingspolitikk, og skrive artiklar i tidsskrift og aviser, mynta på det breie lag av folket.
Ny teknologi på det datatekniske området har i dei seinare åra gjort det mogeleg å visualisere usynlege fenomen i Fossheim sitt favorittområde i fysikken, superleiing. Dette faget har aldri før blitt presentert ved slike metodar. Ved bruk av det nye mediet, kan ein skape gode forestillingar om svært kompliserte emner. Men professor Fossheims djupare motivasjon for dette prosjektet er først og fremst å nå ut til ungdom, spesielt i vidaregåande skole, med den bodskapen at vitskap og teknikk er både spennande og fascinerande, og viktig og nyttig.