Pedagogisk konsept

Den pedagogiske hovudideen er å skape ein dialog mellom ein student og ein verkeleg professor. Dette er ein metode som var vel kjend for dei gamle grekarane, og vart brukt med stort hell, særleg i filosofi. I eit sjølvstudium, slik som i dette tilfellet, tillet denne metoden at fokus blir forsiktig flytta i riktig retning, og dei relevante spørsmåla blir stilte til rett tid. I ein seinare versjon vonar vi å kunne ta dette prinsippet eit steg vidare ved å gjere situasjonen interaktiv. Ved å la brukaren velje mellom ulike spørsmål i kvar situasjon, kan det skapast fleire ekvivalente vegar mot det endelege målet: å få ei fullgod forståing av fenomenet.

I den nåverande versjonen må brukaren klare seg med å velje mellom lenkjer til ulike tema som ligg der i utdjupande tekst, og bruke dei mogelegheitene for individuelle navigering og tempoval som dette gir. Ei levande framføring av ein demonstrasjonsversjon har vore gjort med stort hell ved mange høve, for elevar frå vidaregåande skule med vanleg klassestorleik, og opptil 200 studentar ved NTNU, og ved Houston-konferansen i februar 2000 som nemnt ovanfor, for eit nær 1000-tallig publikum. Det scenarioet som er brukt her, får tilhøyrarane til å følgje vake med i større grad enn i den vanlege undervisningsituasjonen, og eit element av underhaldning styrker kontakten med klassen.

   
 

 

 

Produsert av: Simplicatus AS